Om Vigra kringkastar
Vigra kringkastar har ei samling som fortel om kringkastingshistoria på Vigra.
Vi har ei spanande utstilling av bilete og ei samling av gjenstandar frå etableringa av kringkastinga på Vigra i 1935, bombinga i 1940 og oppbygginga etter krigen.
Om du ynskjer å vere med på ei lærerik omvising, ta kontakt for mærare informasjon.
Vigra Kringkastar er ein kringkastingsstasjon med ei lang og viktig historie. Kringkastaren er ikkje berre kjend i lokalsamfunnet; det var ó gein sendar som hadde stor nasjonal betyding, spesielt ved krigsutbrotet. Utstillinga syner stasjonen si historie heilt frå den vart oppført i 1935.
I lokala til krigssendarhytta har det no blitt ei utstilling. Her kan ein sjå gamle bilete, radioutstyr og anna mannskapet omgav seg med den gongen. I dag er samlinga opa for omvisingar for alle som er interesserte i kringkastingshistoria på Vigra.
Initiativtakarane til danninga av denne samlinga er Turid Røsvik, Jon Arne Hildre og Johan Oddvar Synnes, i nært samarbeid med Norsk Telemuseum og Norkring. Dei tre eldsjelene er med i veneforeininga for Vigra Kringkastar. Dei er ansvarlege for drifta av samlinga, og har sjølv vore tilsette ved stasjonen. Dermed sitt dei inne med stor kunnskap om historia til kringkastaren.