Kringkastingshistoriske verdiar vi har på Vigra Kringkastar.
AM-kringkasting:
1924-1933 Pionertid – Ålesund Radio
1924-25 – hausten 1924 fer Ålesund ein prøvesendar for radiotelefoni mellom fiskebåt og land. Denne 1 kW radiotelefonisendaren vart også brukt til pionerkringkasting – nr 2 i Norge etter Oslo
1925-27 – 3.nov 1925 vart Ålesund radiolag skipa for å drive pionerkringkasting
1927-33 – 12 februar 1927 vart Ålesund Kringkastingsselskap A/S sipa for å drive privat kringkasting. Aksjeselskapet fekk konsesjon for kringkasting i Møre og Romsdal frå 17. februar 1927 som 1 av 4 kringkastingselskap i Norge – Oslo, Bergen, Tromsø og Ålesund.
1933-35 – 1. juli 1933 vart NRK oppretta som statleg monopol og overtok dei 4 kringkastingselskapa
NRK etablert som statleg monopol – AM-kringkasting
1935-39 – Vigra Kringkastar på lufta med ein 10 kW RCA sendar som avløyser kystradiosendaren – nr 2 av NRK bygde stasjoner.
1939-40 – I 1939 vart Vigra Kringkastar forsterka til 100 kW. Den eine av 2 nasjonale storsendarar. Stavanger Kringkastar var den andre og Oslo Kringkastar var 60 kW. Vigra Kringkastar var den største sendaren i Norge med størst rekkevidde. Dekningsområdet var havområdet mellom Skotland, Island og Svalbard + mesteparten av Norge.
1940-1948 Krigstid og gjennoppbygging
- Krigssendarbygget slik det stod i krigsåra
Krigssendarbygget slik det stod i krigsåra på grunnmuren til det bomba sendarbygget frå 1935
Vigra Kringkastar si nasjonale krigshistorie!
9-15. april – Norge sin viktigaste informasjonskanal – ref boka «NRK i krig» av Hans Fredrik Dahl
11. april – etablert lyttepost for utanlandske radiostasjoner på Fjellstova leia av Kåre Fostervoll. Informasjonskontoret til Kåre Fostervoll vart av den frie norske regjeringa erklært som Norges informasjonskontor til 1. mai då kontoret måtte flykte vidare nordover
13. april – tysk flyangrep på stasjonen som vart avverga av engelske krigsskip
14. april – erklært av Ræstad, styreleiaren i NRK, som Noreg sin hovudsendar. Melding nr 1 frå regjeringa Nygardsvoll vart sendt over Vigra Kringkastar på norsk, engelsk, tysk og fransk og kong Håkons tale til det norske folk.
Hemmlege militære meldingar til vår alierte i Skotland vart sendt over Vigra Kringkastar
15. april – eit stort tysk flyangrep som starta tidleg om morgonen og varte til ca kl 1500 på ettermiddagen då ein fulltreffer frå eit tysk bobefly la stasjonen i grus.
Vigra Kringkastar under tysk komando i krigsåra
- 1 kW Western Electric krigssendar med orginale kulehol frå eit engelsk flyangrep i krigen
Krigssendarbygget 17. mai 1945
1945 – 48 20 kW mobil sender i drift – krigsbytte frå Finlandadioen
Radioen sin gullaldar – Vigra Kringkastar 1948-1960
- Nytt sendaranlegg 1948 Sendarbygget – foreslått vernet av Telenor og riksantikvaren 1996. EB-sendaren frå 1948– den største sendaren som er bygd i Norge – deler av den er tatt vare på
- Original programfoldar – frå opninga av nye Vigra Kringkastar 12.4.48 frå Løvenvold kino i Ålesund med kong Håkon 7., kringkastingsorkestaret ++ – direktesending på radioen sitt riksnett.
Antennemast frå 1952 – høgste byggverk i Norden i 52
FM/TV-kringkasting
1959 – FM-sendar på Vigra Kringkastar montert for mating av Reinsfjell FM-sendar
1963 – ansvaret for studioteknikken vart flytta frå Vigra Kringkastar til studio i Ålesund
1963 – Reinsfjell TV-sendar i drift frå 7. februar
1964 – Gamlemsveten TV-sendar i drift frå 6. juni
1967-1984 Vigra Kringkastar driftskontrollsenter for TV og FM
Fjernstyringsutstyr for Reinsfjell, Gamlemsveten og Bremanger TV hovudsendarar
1975 – Generasjonsskifte på Vigra Kringkastar – frå 8,5 stillingar til 5,5 stillingar
1977 – frå eigen stasjon under kringkastingskontoret i Oslo til Ålesund teleområde
1978 – frekvensskifte frå 629 kHz til 630 kHz etter internasjonal radiobølgekonferanse i 1975
1979 – Bergen Kringkastar på Askøy vart stoppa i 1978 og Philips sendaren på 10 kW vart flytta og brukt som reservesendar på Vigra frå 1979.
1982 – Vigra Kringkastar fer nytt større aggregat for drift av den nye 10kW reservesendaren ved kraftsvikt
1984 – EB-sendaren frå 1948 vart stoppa 4.11.84. Sendaren vart demontert og sendt til Askøy. Reservesendaren frå Askøy var i drift frå 4.11.84 til 2.3.85 for bytte av hovudsendar
1985 – Ny Telefunken 100kW storsendar i drift frå 2. mars
1.9.85 – 2.2.96 ubetjent drift av den nye sendaren på Vigra Kringkastar
1.9.85 – drifta av Vigra Kringkastar under Ålesund teleområde. Sendaren fjernstyres frå Ålesund/Trondheim
1.1.91 – drifta av Vigra Kringkaster under kk-gruppa i Ålesund under Trøndelag teledistrikt
1992/93 – Kk-gruppa i Ålesund bygg ut TV2 nettet i Møre og Romsdal
1995 – 50 års fredsjubileum – utstilling av historia til Vigra Kringkastar med fokus på krigshistoria
Februar 96 – Vigra Kringkastar mønstringsstad for kk-tenesta i MR fylke
1.7.96-1.9.02 – Norkring A/S etablert – 60% eigd av NRK og 40% eigd av Telenor. Norkring sine driftsingeniører for Møre og Romsdal mønstrer på Vigra Kringkastar. I 1999 kjøper Telenor ut NRK og Norkring vert heileigd av Telenor
Museumsarbeid på Vigra Kringkastar
1996 – Vigra Kringkastar på Telenor sin verneplan – det einaste verneobjektet i MR fylke.
1997 – Radiomsta kutta med 15 meter – Det gamle feederhuset frå 1935 tilbake som fiderhus for reserveantenna til reservesendaren som gjekk under overhalinga av radiomasta.
ny mastetopp i 1997
Planlegg flytting av sendarbygget – høsten 1998 Mastetopp frå 1952 tatt ned i deler i 1997
Flytting av krigssendarbygget hausten 2001 Montert på museumsområdet i 2001
Opparbeiding av uteområde for museumsområdet med grunnmur til krigssendarbygg, fundament for mastetopp og feederhus/antennemast, grusveger og legging av el-kabler og telekabler.
2004 – Vigra Kringkastar si venneforening etablert
Flytting av krigssendaren frå sendarbygget frå 1948 til sin plass i krigssendarbygget frå 1940
Museumsområde etablert 1998-2008 med økonomisk støtte frå Norkring A/S og Norsk Telemuseum
2005 – Asbjørn Gjærde skriv historia om «kringkastinga i Møre og Romsdal 1925-2005»
2005 – Museumsområdet åpna – Vigra Kringkastar 70 år – Telenor 150 år
Leiaren i Telemuseet Eli Hall åpnar «museumsområdet» – historia frå 1924/35 til 1948/52
Personar som har vore med på å ta vare på Vigra Kringkastar si historie
Innbedne gjestar frå NRK, Telenor/Norkring, Sunnmøre Museum, Giske kommune m/fleire
2008– Lokalt krigsminnemuseum etablert i lagerbygg/tyskerbrakke/garasje frå 1938
2002-2011 Vigra Kringkastar ubemanna
1.9.2002 – Norkring sine driftsingeniører på Vigra kringkastar vert samlokalisert med Telenor Network sine driftsingeniører i Ålesund.
1.7.2006 – Telenor Network sine driftsingeniører vert virksomhetsoverført frå Telenor til Relacom A/S.
Sidan 2002 då Vigra Kringkastar igjen vart ein ubetjent stasjon har vedlikehaldet av sendarbygget blitt forsømt.
2011 – sendingane frå Vigra Kringkastar vart stoppa 30. juni
2011 – radiomasta vart reve etter påtrykk frå Avinor 8. september
Kampen for å ta vare på Vigra Kringkastar si historie
Nasjonal historie:
Krigshistoria
Den analoge kringkastinga er historie når FM-nettet stopper i 2017
AM-radio – Vigra Kringkastar er den einaste av dei 3 nasjonale storsendarane som kan vernast – Lamberseter/Kløfta og Stavanger kringkastar er borte. Vigra Kringkastar størst dekningsområde, hadde legst levetid og den einaste stasjonen som har vore ein aktiv del av hele det analoge kringkastingsnettet – AM, FM og TV.
Er ikkje dette viktig nasjonal historie å ta vare på?
NRK MR Kampen for å ta vare på Vigra Kringkastar si historie